HOLD AVSTAND & GOD HÅNDHYGIENE
Dei som ikkje høyrer til same husstand må sitte med minimum 1 meter avstand til kvarandre. Men dersom det er allsong, som i ei gudsteneste eller i ei gravferd, skal det vere 2 meter avstand til kvarandre.
Ver nøye med å vaske henda/bruk håndsprit. Har du symptom på sjukdom kan du ikkje vere til stades i kyrkja.
GUDSTNESTER - PÅMELDING
Vi ynskjer alle velkomne i kyrkja, men må ha påmelding til gudstenester for å tilrettelegge på beste måte. Gudstenestene vil bli streama på Facebooksida til Hareid kyrkje, og kan også følgast frå sofaen heime. Nattverd utgår i inntil vidare.
For påmelding kan du ringe kyrkjekontoret: 70095130 eller send epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.
GRAVFERDER
Nye restriksjonar gjer at det berre kan vere inntil 50 personar i kyrkja. Ved gravferdsseremoniar er det difor viktig å vite at kun inviterte kan ta del. Det er dei pårørande sjølv som må invitere desse, slik at det først og fremst er dei nærmaste som får plass.
Dersom du har ønskje om å ta del på gravferd og du ikkje er invitert, kan du enten ta kontakt med gravferdsbyrået eller dei pårørande for å høyre om det er plass.
Det skal vere 2 meter avstand til kvarandre inne i kyrkja dersom ein ikkje kjem frå same husstand/kohort. Det er framleis 1 meter avstand utandørs.
KYRKJELYDSHUSET - VAFFEL & MIDDAG
På kyrkjelydshuset har vi denne hausten hatt vaffeltreff annankvar mandag og tilbod om kjøp av middag kvar onsdag. Dette går ut resten året, så tek vi ny vurdering på nyåret.
LEIGE AV KYRKJELYDSHUSET
Maks 20 personar dersom ein leiger kyrkjelydshuset til private arrangement som minnesamvær, bryllaup, dåpsfest, åremålsfeiring eller andre markeringar. Det same gjeld om du leiger ein serveringsstad (hotell, restaurant, kafe og liknande).
TILBOD BARN & UNGE
Når det gjeld tilbod for barn og unge har vi gjort følgande vurderingar:
- Babysong går ut resten av året
- Småbarnssong går ut resten av året
- VI-koret øver ikkje meir i november månad
- Barnekantoriet øver med god avstand og på sin faste stol
- Tiltak i krinsane fortsetter som før
"MIN FAVORITT" & BILLETTSAL
Billettsalet til «Min favoritt» konsert er stoppa på 50 personar per konsert (kl 18 og kl 21), dersom grensa blir heva fortsetter vi salet i desember.
Vi ønskjer å vere ei tilstedeverande kyrkje også i denne spesielle tida. Det er viktig at vi saman bidreg til at smitten ikkje sprer seg, dette gjer vi ved å følgje restriksjonane og ha gode rutinar for smittevern.